|
Ras Dashen er det
høgaste fjellet i Etiopia, og det fjerde eller femte høgaste i Afrika. Høgda er oppgitt til 4620, 4543 eller 4533
moh, alt etter kvar ein slår opp. Dei
fleste ser ut til å landa på 4.543. Vi var ei gruppe på
ni personar på ei tre vekers rundreise i Etiopia, med innlagt 5 dagars fottur i
Simien Mountains National Park. Etter
fleire dagar med historie og kultur, kyrkjer og hotell av varierande standard,
var vi klare for fottur og teltliv. Det
var ’full-service trekking’ med kokk, diverse hjelparar, kantinetelt, stolar og
god mat. Og en flaske lokal rødvin frå
vår lokale ortodokskristne-(dvs avhalds-) guide Asu, for å feira erobringa av toppen.
Simien-fjella ligg
nord i Etiopia og er av dei største fjellkjedene i Afrika, med minst eit dusin
toppar over Dag 1
Debark - Sankaber I Debark fekk vi
ordna med løyve til å dra inn i nasjonalparken, og fekk tak i ein lokal
fjellførar, kokk, to geværmenn (”scouts”), og hestar og muldyr til
bagasjetransport, inkludert ambulansehesten Bora med førar. Dessutan kokken Johannes, som var ein
trollmann på kjøkkenet. Vi fekk ikkje
heilt klart for oss kva geværmenne skulle gjera, om dei skulle verna oss mot
ville folk eller dyr, eller passa på så vi ikkje stakk av. I alle fall gjekk alltid ein av dei fremst,
den andre bakarst, same kva vi fann på, inkludert toalettpause. Dei fyrste
kilometrane køyrde vi buss. Fotturen starta
midt i ein flokk bavianar. I motsetning
til bavianar andre stader, som kan vera nokså aggressive, var desse fredelege,
og brydde seg ikkje om oss, der dei sat og grov i jorda etter snadder. Småbavianane leika og småslost som ungar
flest. Fram til leirplassen
var det 2-3 timars gange i småkupert terreng.
Alle leirplassane på turen hadde bra standard. Fin plass til telta, og permanent kjøkken,
der ein rettnok måtte ha med alt utstyr, inkludert gass til koking. Det var vasskjelder og, men ikkje
drikkevatn. Det fekk vi transportert på
flasker. ”Toaletta” var enkle (latriner
med hol i golvet), og ikkje for dei kresne. Sankaber låg på ca. 3.200
m o h, og det var godt å ha varm sovepose.
Og dunjakkene kom fram både ved middagsbordet og til frukost. Det var varmt og godt når sola hadde varma
litt, men kaldt så snart ho gjekk ned. Dag 2
Sankaber - Chenek Litt småkupert dei
fyrste par timane. Vi såg nokre
eksemplar av ein lokal steinbukk (walia ibex), og diverse fuglar, ørn og
gribb. Frå eit utsiktspunkt såg vi over til
ein foss med ca 500 m fallhøgde. Det var
så lite vatn at vi nesten måtte innbilla oss fossen. Men han er sikkert imponerande i regntida
(når det ikkje er turistar der). Etter
det var det nokre timar på bilveg i jamn stigning. Nokså langdrygt, men det var kornåkrar til
begge sider. Dei dyrka bygg og
havre. Teff, det etiopiske spesialkornet,
treivst ikkje så høgt til fjells – området låg over 3.500 m o h. Ein av oss tok til å sakka etter, heilt
utsliten. Heldigvis kom hestekaravanen
vår forbi, inkludert ambulansehesten
Bora, som då fekk sitt fyrste oppdrag på tueren. Vi gjekk bort frå vegen, og over lange, slakt
stigande sletter der vi vandra langs kjempelobelia opp mot 4.000 m o h. Og endeleg nedover att langs bratte
fjellsider til leirplassen Chenek, 3.600 m o h. Dag 3 Chenek - Ambiko Denne dagen vart det
mykje opp og ennå meir ned. Vi starta
med lang stigning på bilveg.
Ambulansehesten fekk framleis gjera nytte for seg, og to andre kjende
også både høgda og eit ukjent (?) virus.
Heldigvis kom ein bil forbi, så dei fekk sitja på. Vi andre tok av frå vegen, over eit pass på
4.000 m o h, og fekk det fyrste glimtet av Ras Dashen. Fyrst måtte vi
imidlertid ned til 2.800 m o h, over ei elv, og deretter 400 høgdemetrar
oppatt. Her som mange stader ellers, såg
vi tydelege spor etter regn. Stien, og
terrenget rundt, var meir eller mindre riven bort av vatn. Ved leirplassen Ambiko, 3.200 m o h, vart vi
møtt av ein horde utruleg innpåslitne ungar, som heldigvis ikkje hadde lov til
å koma inn på sjølve teltplassen. Men
våga vi oss over vegen til kjøkkenet eller ”toalettet”, hang dei på oss. Dag 4 Ambiko – Ras Dashen - Ambiko Vi burde vera godt
akklimatiserte til toppturen, men dei som hadde brukt ambulansehest og bil, streva
tydelegvis med etterdønningar, så det var berre fem av oss som tok sikte på å
koma på toppen av Ras Dashen. Guiden var nok ikkje imponert at tempoet dei
fyrste dagane (sjølv om det var litt prega av sjukdom), og meint at vi burde
skru opp farten. Standardtid opp var
seks timar, han meinte vi burde rekna sju, og tre-fire timar nedatt. Kl 0545 var det
avmarsj frå leiren. I tillegg til oss
fem var det guiden Asu, den lokale fjellførar, dei to væpna vaktene, og sist,
men ikkje minst ambulansehesten Bora med førar.
Det var mørkt og kaldt. Då vi kom
opp dei fyrste 700 metrane, kom dagslyset, men området låg i skugge og det var
sur trekk, så vottar og skjerf var godt å ha i tillegg til ullundertøyet. Ambulansehesten tok dagstursekkene til dei
som ikkje ville ha treningseffekten av å bera eigen sekk. Fyrstekvinne i flokken gjekk som ein maskin,
ikkje så fort, men svært jevnt, både i motbakkane (som ikkje var mange, men
desto lengre) og på flatane (som ikkje var flate, men mindre bratte). Det synte seg å vera effektiv gange. Etter at det flata ut
litt, på ca. 3.800 m o h, såg vi to små skapnader lang bak oss. Dei kom raskt nærmare, og det synte seg at
det var to kvinner, inntulla i ullteppe, og berrføtte. Dei sprang lett forbi oss, og var borte på
ein blunk. Og der sleit vi oss fram i
vårt Goretex-utstyr og fine fjellstøvlar.
Etter 4-5 timar kom sola opp over åskanten. Vi kunne letta på kleda, men såg likevel
ikkje meir til dei to kvinnene. Dei siste 30 høgdemetrane
før vi nådde toppen var det klyving.
Førarane og geværmennene smatt rundt oss med sine utgåtte joggesko og
gav oss ei hand der det trongst. Etter 5
timar og 45 minutt nådde vi toppen.
Ambulansehesten Bora fekk ein velfortent pause på ein flekk med gras,
han slapp klyvinga. Asu var
overraska. Det kan henda han ikkje hadde
sett norsk seigt fjelltempo før. På vegen nedatt, like
under toppen, dukka det opp to unge gutar, innpakka i ullteppe, og med kvar si
blokkfløyte. Vi fekk ein liten konsert,
og tok nokre bilete, alt mot betaling, sjølvsagt. Vel nede i leiren vart det kroppsvask i
bekken, med dei fleste innbyggarane i landsbyen som ivrig publikum. Og til middag vanka ei flaske lokal rødvin
som Asu hadde frakta med frå sivilisasjonen. Dag 5 Ambiko - Chenek Ned til elva og opp
400 høgdemetrar til ein liten landsby.
Her fann vi bilen som nokre av oss hadde fått haik med på
framturen. Asu forhandla med sjåføren,
godt ute av syne for eigaren, og vart samd om transport av heile fylgjet nesten
til toppen av passet. Han var nok litt
redd for at vi elles ikkje ville nå fram medan det var lyst. Det var bratt, og sjåføren fann nok ikkje
krabbegiret, så det vart å gå dei brattaste stubbane. Og etter ei god natts
søvn var fjellturen over. Vi stabla oss
inn i bussen og køyrde attende til sivilisasjonen, som kanskje blomstra vel så
mykje på kong Salomo si tid som i dag. |