Vi hadde
eigentleg planlagt å dra til Rwenzori i Uganda, men nasjonalparken der vart
stengt på grunn av krigføring. Den
norske ambassaden rådde oss då også frå å reisa dit. Dermed endra vi planar, og satsa på Kilimanjaro
i staden.
Vi er:
Erik frå Brumunddal, Henning, Inger og Eirik.
Vi kjøpte
flybillettar gjennom vanleg reisebyrå.
Etter at mange nordmenn hadde gode røynsler med Athanas Minja, som driv
Kibo Safari Adventures i Moshi, kontakta vi han pr. telefaks. Tredje juledag om morgonen ringde han og sa
at det tok til å verta fullt på den tida vi hadde tenkt, så det var greit om vi
kunne bestemma oss snart.
Sidan
Kripos nyttar Fairview Hotel i Nairobi, tinga vi rom der via e-post.
Aftenposten
hadde ein artikkel om nokre nordmenn og svenskar som hadde starta med safari i
Masai Mara. Vi søkte etter Dream Camp på
Internett, fann e-post-adressa, og dermed kunne vi tinga safari der også.
Det meste
fekk vi altså ordna sjølv før vi reiste.
Athanas
hadde sagt at vi skulle ta “Davanu bus shuttle” frå Nairobi til Moshi. Eirik var litt nervøs for at vi ikkje skulle
finna bussen i mylderet på flyplassen.
Det viste seg at flyplassen ikkje var så stor, og til alt overmål vart
vi møtt med eit skilt “Erick X 4”, og losa ut i ein minibuss. Etter litt venting på ein aude veg, vart vi
lasta over på ein større buss som var nokså fullstappa, og med all bagasjen på
taket. Reisa gjekk greitt, men bussen,
som hadde sett betre tider, gjekk varm av og til, og måtte kjølast ned. Vi hadde høyrt litt av kvart om passering av
grensa til Tanzania. Men alle spådomar
slo feil – vi betalte USD 20 kvar for visum, og det var det. Men gateseljarane var iherdige. Ingen av dei tok eit nei for eit nei, korkje
då eller seinare på turen. Vi hadde
truleg gjort det same, dersom vi hadde levd på eksistensminimum.
I Moshi
vart vi møtt av Lukas Meela frå Kibo Safaries med eit nytt skilt “Erick”. Han køyrde oss til Marangu. Afrikanske fartsgrenser er ikkje som
norske. Skilt med 50 fører til at farten
vert redusert til i overkant av 80, men dei har teki konsekvensane av det og
laga talrike fartshumper.
Vi vart
innlosjert på Marangu Hotel, som var gamalmodig, men sjarmerande (engelsk
kolonistil?), med fint symjebasseng.
Spreidd ut over plenen var små bungalowar med 4 rom i kvar. Meela venta medan vi åt middag, og fekk
deretter betaling for turen - 6000 dollar i reisesjekkar og kontantar, utan
kvittering. Deretter vart det avtala at
Athanas skulle henta oss kl 8 neste morgon.
Det var
strålande solskin frå morgonen. Langt
borte og høgt oppe såg vi Kilimanjaro, med snø på toppen.
Kl 9 fekk
Eirik lettare panikk - var 6000 dollar utlevert utan kvittering til
svindlarar? Hotellverten roa oss ned -
han kjende Athanas, som hadde sagt han skulle koma kl 9. Og kvart over var han på plass, med cap med
norsk flagg og “Storebrand” på. Athanas
er elles ingen smågut i fjellsamanheng: han har 360
turar til topps på Kilimanjaro bak seg, og har vori på Store Skagastølstind og
klatra i Trollveggen.
Turen frå
porten ved Marangu og opp til Mandara gjekk sakte gjennom frodig regnskog, med
sønene til Athanas, Honest og Elias, som førarar. Ein jamn straum av berarar gjekk forbi
oss. Nokre bar ryggsekker, 2 og 3 i
slengen, nokre hadde store plastsekker, andre blekk-kasser. Det fleste bruka hovudet, i alle fall til å bera med. Plastposar med egg tok dei i hendene.
Mandara
virka heimekoseleg, med “Karibu” over dørene. Nordmannen Odd Eliassen har stått
for bygging av hyttene oppover, saman med Athanas, og vi lurde på om kjærasten
hans heitte Kari, heilt til vi oppdaga at det er swahili og betyr
“velkomen”. Det var 2 rom i kvar hytte,
kvart med 4 briskar. Trongt, men for ein
sommartur gjekk det an.
Vi tok
ein ettermiddagstur til Maundi-krateret - eit lite krater med fin gras-slette i
botnen og utsikt over slettelandet nedanfor frå kraterkanten. Deretter syrgde kokken for tre retters middag
med suppe, hovudrett og frukt til dessert.
Vi hadde lesi at 70 % av kaloriane måtte vera karbohydrat. Kokken hadde nok også høyrt det - vi fekk
pasta og ris, med grønnsakstuing og spor av kjøt. Poteter havna stort sett i grønnsakstuingen. Men det var ingen ting å utsetja på maten.
Natta
vart uroleg. Vi byrja å ta Diamox med
tanke på å dempa symptoma på høgdesjuke, og fekk røyna
biverknader – stadige toalettbesøk.
Eirik var plaga med vondt i hovudet, men fekk høyra dagen etter at ingen
er høgdesjuk på 2700 meter – det måtte vera dehydrering. Etter dette drakk han mykje, og hadde ikkje
ei roleg natt på resten av turen.
Tidleg
vekking, oppe med sola - nesten. Det sto
varmt vaskevatn og venta på Inger utanfor døra – det var ho som var mest nøye
med hygienen. Men mascaraen låg att på
hotellet.
Det vart
meir sparsomt med vegetasjon. Regnskogen
måtte gje opp. Busker og gras kom i
staden. Nokså uvant planteliv for ein
nordmann, ikkje minst når vi tenkte på kor høgt vi var - over 3000 m. Det var fin sti, og fleire stader var det
vegarbeid. Vi fekk fortalt at det var
bistandsmidlar som gjekk til stibygging, for at det skulle syna at dei vart
bruka til noko.
Horombo
er den største hytte-”byen”, med 120 sengeplassar for turistar. Med fullt belegg av førarar og berarar, var
det då 500 personar i leiren. Berarane
hadde dårleg innkvartering. I godver sov
mange av dei utandørs. Ellers hadde dei
eit steinhus som dei kunne sova i, tett i tett inntulla i ullteppe. Kokkar og førarar sov gjerne i
kjøkkenet. Det var fleire kjøkken i
leiren. All koking vart gjort på gamle
vedkomfyrar med åpen front. Ved var
mangelvare. På Horombo måtte dei ein
time av garde for å finna ved.
I “resepsjonen” fekk vi kjøpt Coca-Cola og pils, alt frakta opp på hovudet. Ein dollar for cola, to for pils.
Om kvelden
fekk vi fin utsikt over slettelandet.
Eit torever i horisonten langt nede lyste fint opp. For fyrste gong kunne
vi sjå lyn under oss.
Vi hadde
bestilt ein ekstra dag på Horombo, og brukte dagen til ein rusletur opp til
4100 meter. Høgda tok til å merkast -
det skulle ikkje stort sprell til før vi vart andpustne. Men fyrst fekk vi som vanleg ein rikeleg
frukost: egg (“How would you like your egg today, sir?”), te eller
(pulver)kaffi, rista loff, honning, marmelade, og, ikkje minst, frisk frukt:
mango, ananas, papaya, vannmelon, bananer.
Dagane i
denne høgda (3700 meter) startar med skyfri himmel, men tidleg på føremiddagen
kjem skodda, og den ligg meir eller mindre resten av dagen
Om
kvelden fekk vi eit kraftig torever, med regn som gjekk over til sludd og snø.
Nye 1000
meter stigning til Kibo-hytta. Det var
slakt oppover, og tempoet var som vanleg pole-pole (sakte). Etter kvart gav buskene opp, og det vart berre tistlar og små grastustar, til det var berre grus og
stein på 4300-4500 meter. Honest fekk
ikkje nok utfordringar, så han tok ein ekstratur oppom ein kolle med full
pakning og i eit drepande tempo - 200 ekstra høgdemeter.
Kibo-hytta
er eit steinhus med sovesalar, tolv køyer i kvart rom, og eit hus med kjøkken
og rom for “folkene”. Det finst ikkje
vatn eller ved, alt må berast opp nedanfrå.
Berarane hadde vori der oppe med vatn den dagen vi låg fast på
Horombo. Det vart mykje vatn, sidan vi
fekk beskjed å drikka 4 liter kvar pr døgn.
Inger fekk merka høgda med vondt i hovudet og oppkast. Etter ein lett middag (ingen 3-retters her
oppe), bar det til køys kl 1930.
Purring
kl. 23.40. Det var neppe mange som hadde
sovi. Dei fleste hadde vori ute ein eller
fleire gonger. Rikeleg drikke og Diamox
gjorde sitt. Etter servering av te og
kjeks var det på med alt tilgjengeleg vintertøy. Vi hadde høyrt fæle historier om kor kaldt
det var, men vi kom ut til 3 små kuldegrader, nesten ikkje vind og ein strålande
stjernehimmel. Alle lag med ull, fleece
og gore-tex vart nesten for mykje av det gode.
Avmarsj kl 00.30 med lommelykter, pannelamper og fjøslykter. Tempoet var svært pole-pole. Andre
grupper tok oss att og gjekk forbi oss, utan at vi let oss hissa opp av
det. Halvvegs til toppen, i Hans
Meyer-hola, tok vi til å merka høgda, nokre vart
kvalme og kasta opp, andre fekk i det minste litt vondt i hovudet. Sjølv Honest merka det, og bomma Paracet av
oss.
Det gjekk
svært sake
det siste par hundre høgdemetrane. Vi
passerte utslitne turistar som låg og gapa etter luft i vegkanten - dei hadde
traska kjekt forbi oss lenger nede. Men
med talrike pausar var vi oppe kl. 0630.
Det raudna i aust. Med litt sur
vind, og nokre fleire kuldgrader enn då vi starta, var det greit å ha på seg
alle lag med ull og fleece. Erik låg på
magen over kraterkanten i 10 minutt, og kom seg opp etter å ha henta krefter i
kjellaren. Vel oppe snubla han, og datt
på magen tvers over ei tysk dame som hadde lagt seg på ryggen akkurat der medan
ho prøvde å finna noko å pusta i. Ho tok det lite sportsleg, og drog seg unna
med eit surt ansiktsuttykk. Mannen
hennar hadde til alt hell nok med seg sjølv.
Sola
steig opp over skyhavet langt der nede, med Mawenzie i fin silhuett, og det var
ny dag med varme til frosne fjellfolk.
Inger og
Erik fann ut at Gilmans point var greit.
Henning og Eirik var i rimeleg god stand, og rusla bortover mot Uhuru
peak (toppen) saman med Elias. Henning
gjekk uforskamma fort,
medan Eirik måtte pusta rett som det var. Elias kom til hjelp: “You are hungry”, og
etter ein liten sjokoladepause gjekk det rimeleg greit. Det var nok ein svikt i opplegget at vi ikkje
fekk te og kjeks på kraterkanten. Dersom
det hadde fungert, ville kanskje fleire nådd Uhuru peak.
Høgaste
toppen vart erobra kl. 08.30, saman med nokså mange utlendingar. Deretter rask retur ned til Kibo, der vi fekk
servert suppe kl. 1130. Og så var det
berre å traska ned til Horombo utan pausar og utan
snakk om pole-pole. Før middag fekk vi
eit heilt vaskefat med varmt vatn kvar.
Ved middagsbordet vart Erik sitjande attmed den tyske dama han hadde
lagt under seg på kraterkanten. Dei
skildest som vener.
Vi fekk
beskjed om at dette var det siste vi såg til berarane – som vi forresten ikkje
hadde sett serleg mykje til under heile turen.
Vi samla saman det utstyret vi hadde tenkt å leggja att, og overlet det
til dei som såg ut til å trengja det best.
Honest fekk 85 tablettar Paracet – det skulle halda til 42 turar til toppen. Elles vart det fjellstøvlar, sokkar, ulltøy
og T-trøyer på dei fleste. Honest syrgde
for at førarane fekk rikeleg med tips.
Berarane og kokken måtte nøya seg med det som var til overs etter at han
og Elias hadde forsynt seg. Systemet er
nokså usmakeleg, i alle fall for nordmenn.
Det gjekk
raskt nedover – med ein liten pause på Mandara.
Og så, ved Marangu-porten, venta Athanas med pils. Vitale data vart notert, vi fekk lunsj (nokså
enkel etter den standarden vi var bortskjemt med) på ein lokal kafé, og før vi
vart skyssa til hotellet av Willy, som skulle vera sjåfør på safari, fekk vi
diplom som dokumentasjon på at vi hadde nådd målet: Gilmans point eller Uhuru
peak.
Det var
OK med dusj og ein tur i bassenget.
Sørafrikansk rødvin til middagen, til 100 kr flaska, grein vi heller
ikkje på nasen av.
Adresser
Kilimanjaro og safari-arrangør
Kibo Safaries Adventures
att. Athanas Minja
Moshi,
Tanzania
Telefon
00255 55 51378 / 00255 55 50367
Fax:
00255 55 50690
Hotell før og etter Kilimanjaro:
Marangu Hotell
T: 00255 55 53071
Hotell i
T: 0025 42 723211
Fax: 0025 42
721320
E-post:
fairview@form-net.com
Fottur-safari:
Dream Travel Africa Ltd.
E-post:
dreamtravel@form-net.com
Turarrangør i
Sama
E-post: fairview@form-net.com
Ambassade i
Royal Norwegian Embassy
International House, 1st floor
Nairobi,
Kenya
Telefon
00254 2 337121 / 00254 2 337122 / 00254 2 337124
Faks
00254 2 216009
Ambassade i Dar es Salaam:
Royal Norwegian Embassy
Plot 160,
Dar es Salaam,
Tanzania
Telefon 00255 51 113366 / 00255 51 113623
Faks 00255 51 116564